> NLM / Norge / Region vest / Nyheter / Smågruppe - noko for deg?



Smågruppe - noko for deg?

Foto: Aaron Burden / unsplash.com

Det finst tusenvis av vitnemål om kor viktig det vesle gruppefellesskapet er og har vore for den enkelte sitt kristenliv

I tillegg til det store fellesskapet treng me også eit mindre fellesskap, der me kan snakka om det me høyrer og les, og me kan be for og med kvarandre.
I det siste har eg høyrt folk seia to ulike ting. Det eine er at «det vert færre og færre i foreininga vår». Det andre er at «eg spurde om han/ho ville vera med i foreininga, og fekk ja».
Kan det vera at me er for redde for å spørja nye om å vera med? Eller har me kome inn i eit spor som ikkje «passar» for dei som ikkje er heilt på «innsida»?
Ikkje alle foreiningar eller smågrupper er like. Og ja, det kan kosta å få med seg nye som kanskje ikkje er så kjende korkje på bedehuset eller i Bibelen. Men me må ikkje la det stoppa oss. Og ofte kan det vera lettare å seia ja til å møtast i ei mindre gruppe i ein heim.
Nedanfor finn du ei enkel brosjyre som me håpar kan vera til inspirasjon og refleksjon, anten du alt er med i ei gruppe (kan det vera at den treng nokre justeringar?), eller om du kunne tenkja deg å starta ei ny gruppe


Dagens bibelsitat

Joh 5:24a Sannelig, sannelig sier jeg dere: Den som hører mitt ord og tror ham som har sendt meg, han har evig liv.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.