> NLM / Norge / Region sør / Nyheter / Sprek jubilant



Sprek jubilant

Fem av dagens leiarar saman med mangeårig leiar, Ruth Oksefjell, og eit framtidig medlem av barneforeininga.

Det er ikkje kvardagskost å få vera med å feira ein vital 100-åring. Sist måndag hadde Solstråla barneforeining på Hornnes invitert til feiring av sine første 100 år.

Det er ingenting å seia på livsgnisten til Hornnes barneforeining. I 1918 starta foreninga opp, og framleis samlast det mellom 20 og 30 barn annankvar måndag til snekring, pussing, klipping, liming og andakt på Hornnes bedehus.

Måndag 14.mai var siste samling før sommaren. Då var det ikkje eit heilt vanlg foreiningsmøte, men feiring av at det hadde vore barneforeining i regi av NLM i 100 år på Hornnes. Fleire av leiarane som hadde vore med i ein del av desse åra var på plass, og Ruth Oksefjell som hadde vore leiar i rundt 40 år, var hylla med blomar og gode ord. Brit Kari Urdal frå Region sør hadde andakt, og etter ein kakepause og aktivitetar ute på plassen, dukka også ordførar Bjørn Robstad opp for å gratulera jubilanten.

Det er ein flott gjeng med unge leiarar som har ansvaret for Solstråla i dag, og ut frå oppmøtet av den yngre garde, ser det ut til at foreininga kan ha mange gode år framfor seg enno.


Dagens bibelsitat

Fil 2:4 Ingen må bare se på sitt eget, men enhver må også ha de andres gagn for øye.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.