> NLM / Norge / Region sør / Nyheter / Leirkalender



Leirkalender

Vinteren har festa grepet, men det går mot vår og sommar, og nye leirtilbod frå Region sør.

På nettsida vår er det no opna for leirpåmelding for neste semester, og i desse dagar dukkar den nye leirkalenderen opp i mange postkassar.

Årets utgåve er litt enklare enn han har vore før, men me håpar likevel at han skal vera oversiktleg og grei å finna utav. Håpar det er nokon tilbod der som kan passa for deg eller nokon du kjenner. 

Her er det tilbod om konfirmanthelger, leirar for barn og vaksne saman, motorleir, leir med allidrett, osv. 

All leirpåmelding skjer på nlm.no/leirsor. Her ligg det også fleire opplysningar om leiren. Det blir også oppretta ei eiga Facebook-hending til kvar leir der det er lett å dela vidare til personar du tenkjer kunne vore aktuelle å få med på leir.

Har de elles spørsmål av ulik art, så er tlf.nr vårt som før 38 02 44 32, mandag til torsdag.


Dagens bibelsitat

Fil 2:4 Ingen må bare se på sitt eget, men enhver må også ha de andres gagn for øye.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.