> NLM / Norge / Region nordvest / Nyheter / Nye kostar i Kairos



Nye kostar i Kairos

Hilde Ådland. Foto: Arne Martin Bjørneset

Kairos har fått ny leiar, Hilde Ådland. Ho gler seg til å vere saman med kormedlemene.

«Dette gler eg meg til» seier Hilde Ådland ny hovudleiar i Regionsungdomskoret Kairos. Sist helg var dei igjen samla på sin faste stad, Vestheim på Vestnes, til øvingshelg. Omlag 40 ungdommar og leiarar dukka opp denne gongen. «Eg ser fram til å kunne vere saman med ungdomane og leiarane over tid, bli skikkeleg godt kjende.» «Det er veldig verdifullt at vi kan møtest med jamne mellomrom» held Hilde fram. Ho seier vidare at det er veldig viktig å ta vare på medlemene, at dei opplever at helgene med Kairos er så gode at dei gjerne vil dele dei med fleire.

Dirigent og band

Korleis ligg det an med det musikalske, Kairos er då eit kor? «Det er kjempebra at Silje Knardal Johansen er tilbake som dirigent. Og saman med sin kjære Runar på bass tek dei det musikalske ansvaret. Eit supert band med veteran Espen Vartdal på trommer, Andreas Wigestrand på gitar og Johannes Falk Davidsen på piano er på plass. Dei treng sjølvsagt litt innkøyring, men det høyrest lovande ut. Og songarane står på. Det er bra med gutar i år. Positivt!» Og ho legg til at øvinga gjekk veldig bra. Neste øvingshelg blir det garantert ut på oppdrag for å glede nokon med songen til og synet av Kairos.

Framover

«Kairos og øvingshelgene har på mange måtar funne ei form som har fungert lenge. Eg treng å bruke tid til å bli kjent både med folka og opplegget. Ein ting eg har lyst til er å jobbe aktivt i lag med det nye styret. Eg ynskjer at Kairos skal halde fram med å vere ein reiskap der ungdomar skal møte Jesus og vekse i samfunnet med han. Det er viktig å ta vare på det som fungerar, men det må fornying til også. Då er det viktig å lytte til ungdomane slik at vi byggjer noko dei kjenner som sitt eige.»

Gler seg allereide

«Neste øvingshelg er litt utanom det vanlege. Då skal vi nemleg vere på Vestborg på Stranda. Planlegginga er i full gang og eg gler meg allereide. Ungdomane i Kairos er utruleg kjekke - og det er leiarane også!» Det er fint å kjenne på fellesskapet, seier den nye hovudleiaren til slutt, og understrekar at Kairos har god plass til fleire som likar å synge  og  har bruk for eit kristent fellesskap.

 


Leir NLM Region Nordvest

Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under

Arrangement

Dagens bibelsitat

Sal 27:14 Vent på Herren! Vær ved godt mot! Ditt hjerte være sterkt! Ja, vent på Herren!

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.