> NLM / Norge / Region nordvest / Nyheter / Norges Vel - medalje for lang og tru...



Norges Vel - medalje for lang og tru teneste

Her er Anita sammen med de ansatte i barnehagen. Foto: Lars Birger Stige

Daglig leder i Tryggheim barnehage i Sykkylven, Anita Woldsund har fått medaljen for lang og tru teneste

På personalsamling onsdag 28. november, vart Anita Woldsund tildelt Norges Vel si medalje for lang og tru teneste – 30 år ved Tryggheim barnehage, Sykkylven. I tillegg til personalet var utviklingsleiar i NLM-barnehagane, Steinar Nessa, og eigarstyret for Tryggheim barnehage, til stades ved overrekkinga.

 

Anita Woldsund vart tilsett som pedagogisk leiar i Tryggheim barnehage frå hausten 1988 og veksla mellom å vere styrar og pedagogisk leiar fram til 1994. Ho hadde permisjon frå barnehagen i 1995/96 og var tilsett i barnehage i Herøy og ei stund dagleg leiar ved Kjeldsund leirstad. Etter permisjonstida har Anita vore styrar/dagleg leiar ved Tryggheim barnehage i Sykkylven.

I tillegg til arbeidet ved barnehagen, har Anita vore sterkt engasjert i arbeidet til Norsk Luthersk Misjonssamband i Sykkylven.

Tryggheim barnehage er ein del av NLM-barnehagane AS. På landsbasis er det 35 barnehagar som blir drivne av NLM-barnehagane. 10 av desse barnehagane er på Nordvestlandet. I tillegg er det 8 samarbeidsbarnehagar.

Barnehagen i Sykkylven vart starta opp i 1977 og hadde i fjor stor 40-årsmarkering. Barnehagen har i dag to avdelingar, ei avdeling for barn i alderen 3-6 år og ei i alderen 0-3 år. Barnehagen vart nyleg ombygd og har no kapasitet til tre avdelingar. Ved auke i barnetalet i Sykkylven og avtale med kommunen, er Tryggheim barnehage klar til å utvide til tre avdelingar!
Det er 12 tilsette i Tryggheim, dette utgjer om lag 9 årsverk - inkludert reinhaldar.

Mottoet til NLM-barnehagane er «Ekte glede på sikker grunn».


Leir NLM Region Nordvest

Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under

Arrangement

Dagens bibelsitat

Matt 1:21 Hun skal føde en sønn, og du skal gi ham navnet Jesus, for han skal frelse sitt folk fra deres synder.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.