> NLM / Internasjonalt / Vest-Afrika / Nyheter / – Godt å støytte seg til Jesus



– Godt å støytte seg til Jesus

Foto: privat

Mona Heng forventa å lære mykje om både seg sjølv og Gud som eittåring i Elfenbeinskysten. Har det blitt som ho trudde?

«Det kjem til å bli spanande, utfordrande og lærerikt,» sa eg til meg sjølv før eg reiste.

Eg visste ikkje så mykje meir – berre at eg skulle vere hjelpelærar for norske misjonærborn, hjelpe til med lekser og globalskule (norskundervisning på nett) og ha barneklubb.

No har eg vore i Abidjan i snart to månader og kan allereie skrive under på at det stemmer. Livet her byr på både spenning, utfordring og mykje læring.

    

Kaos, lydar og varme

I byrjinga er omtrent alt nytt og spanande. Den kaotiske trafikken, gatene og marknadene som er fulle av liv og røre, eksotiske lydar og luktar, dei mange fugleartane som leikar seg i trea rundt ikring.

Til og med det å ikkje ha vatn i springen og dusjen om morgonen er eit «lite eventyr». Å bli gjennomvåt av sveitte etter ein joggetur ute i sola, for så å kome inn og finne ut at vatnet er borte, vert òg ei morosam oppleving – heldigvis har me ein luftig takterrasse der me kan opphalde oss medan me ventar på at vatnet skal kome igjen.

Dette er alle småting i kvardagen som er annleis enn det ein er van med, men som likevel bidreg til ein meir spanande kvardag.

  

Krevjande å etablere seg

Utfordrande er òg eit ord som gjev ei god skildring av kvardagen som eittåring. Spesielt i byrjinga, når ein skal etablere seg, opparbeide seg nye rutinar, nye arbeidsoppgåver og lære eit nytt språk.

I skrivande stund har eg akkurat fullført to veker med franskundervisning på ein språkskule her i byen. Eit intensivkurs i språkopplæring over ein periode på ti veker tek på. Formiddagane har vorte travlare etter at eg starta med franskkurs og eg merkar at det er utfordrande å lære eit nytt språk.

Heldigvis er det kjekt når eg merkar at kommunikasjonen med hushjelpene, vaktene og omverda generelt vert enklare. Eg har berre litt lite tolmod, eg skulle så gjerne ha kunna snakka flytande fransk akkurat no!

   

På nært hald

Eitt år i teneste for misjonen i utlandet er lærerikt på så mange måtar. Ikkje berre lærer eg eit nytt språk – eg får òg betre innblikk i kva det vil seie å reise ut som misjonær, eg vert betre kjend med misjonsarbeidet og eg kjem tett innpå ein annan kultur.

For ei veke sidan fekk eg vere med på ei helgetur til ein landsby nord i Elfenbenskysten. Der besøkte me ein norsk misjonærfamilie, og me fekk sjå korleis det å vere vitne i kvardagen og leve som kristne midt blant ei muslimsk folkegruppe kan sjå ut i praksis.

Det er spanande og lærerikt å kome tett inn på misjonsarbeidet både i ein millionby som Abidjan, (med nesten like mange innbyggjarar som i heile Noreg!), og arbeidet i ein liten landsby.

Sjølv om ein må vinkle arbeidet forskjellig, er likevel målet det same – å nå fleire med evangeliet om Jesus. 

       

Går ikkje åleine

Til slutt vil eg runde av med å seie at ein lærer mykje om seg sjølv og om Gud gjennom ei teneste som denne.

Eg merkar sjølv at når eg vert plassert i ein heilt ny kontekst, der eg skal utføre heilt nye arbeidsoppgåver og lære å tilpasse meg ein heilt ny kvardag – då er det godt å støytte seg til Jesus, han som er den same i går og i dag, ja til evig tid.

Gud, som har kalla meg til denne spanande, utfordrande og lærerike tenesta, har lova å gå med og fullføre det verket han har kalla meg til. Eg slepp å gå i eiga kraft.


Stedlig representant

Stedlig representant

Vest-Afrika

+225 79298092

+223 94511220

Dagens bibelsitat

Åp 7:17 For Lammet, som er midt for tronen, skal vokte dem og føre dem til livets vannkilder. Og Gud skal tørke bort hver tåre fra deres øyne.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.