> NLM / Internasjonalt / Japan / Nyheter / Populær samlingsplass



Populær samlingsplass

Foto: Inger Valbø

Kvar fredagskveld fyllest leiligheita til misjonæren av svoltne ungdommar. Men det er ikkje berre maten som gjer at dei kjem.

Det er bra stemning i kveld. Fleire er tilbake frå reise. Det er tid for dagens bibeltekst, og engasjementet er stort. Dei fleste studentane er ikkje kristne, men Bibelen ser likevel ut til å fenge.

 

Utpå kvelden får eg ein prat med to japanarar, Shinya Higuchi (21) og Mai Kaneda (21), og med Soyoung Kang (23) frå Korea.

– Eg vart invitert av engelsklæraren min, seier Shinya.

– Eg ønska å bli flinkare i engelsk før eg skulle reise til Florida i fjor vår, og tenkte det var lurt å lære litt om Bibelen før eg reiste.

 

– Kvifor heldt du fram å komme til Bible Club etter Florida-turen?

– Fordi det var gøy, og eg får god mat her, smiler Shinya.

 

Studentar og lærarar

Alle tre er studentar av Carmella Lieske og Scott Menking. Det amerikanske ekteparet er flinke til å få med seg studentar til Bible Club og kyrkje.

 

– Korleis er det å treffe dykkar eigne lærarar her på fredagskvelden?

– Eg liker dei veldig godt, og innhaldet i samtalane er annleis her enn på universitet, seier Mai.

– Her treng eg ikkje bry meg om kva dei andre rundt meg tenkjer, legg Soyoung til.

 

Studentane har ingenting imot å treffe lærarane sine også på fritida. Under bibelstudiet blir deltakarane delte inn i japansk- eller engelsk-språklege grupper. I gruppa som Scott leier, går samtalen på engelsk. Foto: Inger Valbø

  

Lærer meir

– Kva har du lært om Gud og Jesus som du ikkje visste før?

– Eg gjekk i kyrkja då eg var liten, men mest for å treffe venner. Bibelstudiet her har fått meg til å tenkje på forholdet mellom meg og Gud. Eg hugsar spesielt likninga om såmannen og dei fire slags hjartejord. Haldninga vår er viktig når vi høyrer, seier Soyoung.

– Før eg kom her, visste eg ingenting, ikkje eingong kva Jesus heitte på engelsk. Eg forstår litt meir etter kvart, svarar Shinya.

 

– Til slutt, trur du at du nokon gong blir ein kristen?

Shinya og Mai nøler. - Eg veit ikkje, seier dei begge forsiktig.

– Eg vart døypt som liten, men eg føler det manglar noko, svarar Soyoung. – Eg vil gjerne bli ein kristen, men det er vanskeleg i min situasjon no, avsluttar ho stille.

  

Saken er opprinnelig skrevet for Prosjektkatalogen 2014. Mer informasjon om katalogen, og mulighet til å laste den ned i sin helhet som pdf, finner du her.


Stedlig representant

Stedlig representant

Japan

078-221-8366

090-7889-1802

Dagens bibelsitat

2Mos 20:3 Du skal ikke ha andre guder enn meg.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.