> NLM / Internasjonalt / Japan / Nyheter / Internasjonalt fellesskap



Internasjonalt fellesskap

Foto: Osamu Ikeda

- Når eg set meg i bilen etter gudstenesta, kjenner eg alltid at det var godt at eg kom, seier Naoki, ein av dei ikkje-kristne ungdommane som bruker å komme på den internasjonale gudstenesta.

Det er ikkje lett å få ungdommar med i kyrkja her i Japan, særleg ikkje på ein søndag morgon. For to år sidan var Maria Urstad halvtåring i Matsue, og ho ivra for at vi skulle gi starte gudsteneste for utanlandske og japanske studentar. Første internasjonale kveldsgudsteneste starta i april 2012 og har halde fram ein søndagskveld i månaden.

 

Fleirspråkleg

Sidan vi har ein del utanlandsstudentar som ikkje forstår japansk, bruker vi mest mogleg engelsk, både i møteleiing, forkynning og lovsong. Bruk av engelsk appellerer også til japanske studentar. For at desse skal få med seg innhaldet, deler vi ut japansk omsetjing av talen eller bruker tolk. Preiketeksten, som også blir vist på skjerm, blir lesen både på engelsk og japansk, og songane er også tospråklege. På julegudstenesta song vi i tillegg på kinesisk og koreansk.

 

Inkludert i fellesskapet

Ei som verkeleg har sett pris på å få ta del i det internasjonale kristne fellesskapet, er Sansfica Young frå Sri Lanka. I september i fjor fullførte ho doktorgraden i geokjemi her ved Shimane universitet. På den siste gudstenesta ho var med på, delte ho vitnemålet sitt om korleis ho gjennom Bible Club og desse gudstenestene hadde blitt velsigna. Vi trudde vi hadde tatt farvel for godt, men i januar dukka ho opp igjen. Ho var blitt invitert til ei forskarstilling ved universitet for tre månader.

 

- Kva har det betydd for deg personleg å ha ei slik gudsteneste?

- Sidan eg ikkje snakkar japansk og ikkje kan forstå japansk så godt, har det å vere med på ei engelsk gudsteneste vore som å vere heime igjen!

- Kva betydning har det hatt for deg å vere med i lovsongsteamet og leie gudstenesta?

- Det har betydd mykje. Det å kunne prise Herren og bli involvert også med møteleiing gjer at eg har kjent meg spesiell og akseptert i det kristne fellesskapet her i Matsue og også i det internasjonale miljøet.

- Har du idear til kva vi kan gjere betre?

- Det ser ut til å gå godt for tida, men eg trur at det hadde blitt meir livleg om fleire utlendingar hadde blitt invitert, avsluttar Sansfica, som er ei av utanlandsstudentane som verkeleg har skapt liv rundt seg.

 

Sansfica Young (t.h.) er glad for å ha hatt ein samanheng der ho kunne høyre Guds ord på eit språk ho forstår, og få tene med sine nådegåver. Her saman med Carmella Lieske, som er ivrig til å få med seg studentane sine. Foto: Inger Valbø.

 

Liker å synge

Etter kvart har fleire ikkje-kristne byrja å komme. Dei fleste har først gått på Bible Club på fredagane, men nokre har faktisk først blitt invitert til kyrkja, og deretter byrja å kome fast på Bible Club. Naoki Fujiwara og Sakina Kubo er døme på det. Ein sein fredagskveld etter Bible Club får eg ein prat med dei to japanarane ilag med kinesiske Haixia Zheng, som her i Japan blir kalla Grace. I bakgrunnen sit Shinya Higuchi. Han vart intervjua til prosjektkatalogen, så denne gongen er han mest tilhøyrar.

 

- Kvifor går de på internasjonal gudsteneste?

- Eg synest det er interessant å høyre på talen, og eg lærer alltid noko nytt. Og så liker eg songane, seier Grace.

- Eg synest det er godt å bli stille og tenkje over livet. Eg forstår ikkje Bibelen når eg les åleine, men når eg høyrer på forkynninga, forstår eg meir den djupe meininga, seier Naoki, som først vart invitert av Grace.

Sakina kom første gong på julegudstenesta, invitert av ei kristen kinesisk veninne.

- Eg synest det er kjekt å treffe folk og snakke engelsk, seier ho.

- Under talen prøver eg å lytte mest mulig til engelsk før eg sjekkar med den japanske teksten. Eg forstår på ein annan måte på engelsk. Og eg går ofte og nynnar på songane etterpå. Det hadde vore fint om vi kunne få utdelt tekstark, for eg vil gjerne synge heime og tenkje gjennom kva tekstane betyr.

 

- Kva liker du best med gudstenesta?

Grace og Sakina: -Å synge!

Shinya i bakgrunnen stikk hovudet fram: - Teatime etterpå!

- Eg liker eigentleg alt. Når eg set meg i bilen, kjenner eg alltid at det var godt at eg kom, avsluttar Naoki.

 

Saken er opprinnelig skrevet for Utsyn.


Stedlig representant

Stedlig representant

Japan

078-221-8366

090-7889-1802

Dagens bibelsitat

2Mos 20:3 Du skal ikke ha andre guder enn meg.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.