> NLM / Internasjonalt / Japan / Nyheter / Internasjonal ungdomsleir for alle...



Internasjonal ungdomsleir for alle aldrar

Med deltakarar og leiarar var vi elleve personar. Det er ikkje lett å samle travle japanarar til leir, men vi er glad for kvar enkelt som kom. Biletet over er tatt av dagleg leiar ved Hiruzen Bible Camp, Michinari Ohashi.

For fjerde år på rad vart det arrangert tospråkleg leir for ungdom på Hiruzen Bible Camp. Motto for leiren var "Vegen vi skal gå". Ein tur i fjellet vart ikkje heilt som planlagt.

Deltakarane kom frå Kobe, Tamashima, Tottori og Matsue. Eg var heldig å få med meg to ungdomsskulejenter, som også er faste på Bible Club i Matsue. Den eine av dei har vakse opp i ein kristen familie og har gått i kyrkja frå ho var lita. Veninna hennar var på kristen leir for første gong, og for første gong på gudsteneste då vi var i Hiruzen kyrkje søndag føremiddag. Ein av dei andre deltakarane har heller ikkje tatt imot Jesus enno, men har gått i kyrkja eit halvt års tid. På slutten av leiren ga han uttrykk for at han hadde kome eit skritt nærmare.

 

Kvar går vegen?

På første samlinga laurdag ettermiddag talte Johanna Tervonen til ei lydhøyr forsamling om Jesus som er vegen til himlen. Så skulle vi ut på tur. Etter fleire dagar med kraftig regn var vi spente på om det vart opphald nok til å gå på tur, som vi hadde planlagt. Men i løpet av møtet hadde det klarna litt opp, og dei aller fleste var innstilte på ein frisk ettermiddagstur til eit fjell som heiter Mihira-yama.
Vi sette oss i bilane og køyrde. Men plutseleg sa det STOPP. Framfor oss var der ikkje meir veg! Det vil seie, vegen var der framleis, men han var dekt av eit stort jordras. Det var litt av eit syn! Vi skulle til fjells, men var enno ikkje komne fram til parkeringsplassen.

 

Etter tyfonane

Jordras er ikkje å spøkje med. I løpet av dei siste vekene med tyfonar og kraftig regn har mange menneske omkome lenger nord i landet. Heldigvis budde det ikkje folk i dette området, og sannsynlegvis var ingen ute og gjekk tur heller då raset gjekk.

Men kva gjer vi no? Er vi dei første som kjem hit etter at raset har gått? Etter å ha sett oss litt meir om, fann vi ut at dette ikkje var eit heilt nytt ras, men kvifor hadde ingen sagt ifrå at vi ikkje skulle gå der? Men hadde vi eigentleg sagt ifrå kvar vi hadde tenkt oss?
Det var kanskje litt dristig, men vi fann ut at det gjekk no an å gå utanom raset, og sjå litt korleis det såg ut på andre sida. Så då gjorde vi det...

Då vi endeleg kom fram til der stien startar, stod det eit skilt som sa at på grunn av eit jordras 15. juli (altså meir enn 3 månader sidan!), var det farleg å gå i fjellet.

 

Gud kan rydde veg

I staden for fjelltur tok vi ein runde i nærleiken av leirplassen. Og snart kom mørkret sigande, og det var tid for kveldsbad og middag. Sjølv om fjellturen gjekk i vasken, fekk eg iallfall nokre fleire illustrasjonar til kveldens tale, med temaet "God will make a way". På norsk heiter denne songen "Gud vil rydde vei".

Eg trur fleire fekk noko å tenkje på gjennom det vi hadde opplevd. Nokre gonger stengjer Gud vegen vi hadde tenkt å gå, men Gud kan også rydde veg der det ikkje ser framkomeleg ut. Under siste samlinga på leiren vart vi også utfordra til å gå ut og dele med andre. Det er ikkje nok at vi sjølve kjenner vegen.

 

Snow Fun neste

Eg skulle så gjerne hatt med fleire ifrå Bible Club på leir, men dei andre verka uinteresserte eller opptatt. Kanskje dei to ungdomsskulejentene kan få med seg fleire neste gong? Dei har lyst å bli med på Snow Fun Camp i februar, også, men det spørst om det kolliderer med opptaksprøver til vidaregåande... Det er hardt å vere avgangselev i Japan.

 

På bloggen min kan du sjå fleire bilete ifrå fjellturen som ikkje vart fjelltur:  Kvar går vegen?


Stedlig representant

Stedlig representant

Japan

078-221-8366

090-7889-1802

Dagens bibelsitat

2Mos 20:3 Du skal ikke ha andre guder enn meg.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.