> NLM / Internasjonalt / Japan / Nyheter / Gode medarbeidarar i Matsue



Gode medarbeidarar i Matsue

Alle foto: Inger Valbø

Dei har lange og travle arbeidsdagar, men likevel prioriterer dei å samlast til bøn kvar torsdag og å vere med som gruppeleiarar på Bible Club på fredagskvelden.

Det er torsdagskveld. Ekteparet Carmella Lieske og Scott Menking kjem rett frå jobb ved universitetet, og Ikuko Takeda har nettopp avslutta dagen ved den vidaregåande skulen der ho er engelsklærar.

Etter ein kopp te les vi bibelteksten for neste dags bibelstudium og snakkar om korleis vi kan presentere dette spesielt for dei som kjem for første gong. Carmella har invitert fleire studentar som har sagt dei vil komme denne fredagen. Så då takkar vi og ber spesielt for desse jentene.

 

Florida-tur

Eit anna viktig bønneemne er studentane som reiser til Florida. Kvar vår har Carmella og Scott med seg ei gruppe studentar til Florida på eit kristent studieopplegg der. Frå 26. februar til 17. mars i år blir 16 studentar med. Dei skal bu hos kristne vertsfamiliar og også vere med på leir ilag med kristne amerikanske ungdommar. Kyrkjebesøk er også med i programmet.

Carmella og Scott ønskjer at det studentane opplever i Florida, kan føre til at dei vil lære meir om kristendommen. Og då er Bible Club og internasjonal gudsteneste plassar å fange dei opp.

 

Carmella ivrar for å få med studentane også til kyrkje. Sjølv går ho og mannen til vanleg i ei anna kyrkje, men dei støttar opp om den internasjonale kveldsgudstenesta vi har i den lutherske kyrkja.

- Denne gudstenesta gir kristne utanlandsstudentar sjansen til å tilbe på eit språk dei er komfortable med. Også mange japanske studentar og søkjande blir tiltrekte av den engelske biten. Denne gudstenesta gir oss sjansen til å invitere med oss slike til kyrkje, ofte for første gong, seier Carmella.

 

 

Be med oss

Etter å ha lese Guds ord og delt bønneemne, ber vi ilag. Carmella, Scott og eg ber på engelsk, og Ikuko på japansk. Vi får nemne studentane ved namn. Og eg kjenner det er godt også å bli bedt for sjølv.

 

Bønnestunda er over, og vi har lagt både Bible Club og Florida-turen i Jesu hender, og vi oppmodar Utsyn sine lesarar til å vere med oss i bøn. Be om at studentane kan ha opne hjarte, og at det dei opplever i Florida, vil skape ein trang etter å lære meir om Jesus når dei kjem tilbake.  

 

Saken er opprinnelig skrevet for Utsyn.


Stedlig representant

Stedlig representant

Japan

078-221-8366

090-7889-1802

Dagens bibelsitat

2Mos 20:3 Du skal ikke ha andre guder enn meg.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.