> NLM / Internasjonalt / Japan / Nyheter / – Ei stor oppleving!



– Ei stor oppleving!

Den første japanaren som kom denne fredagen, helsar på dei norske. Alle foto: Inger Valbø

Elevane Caroline og Frida og lærar Marianne frå Kristen Videregående Skole Haugalandet (KVH) dro til Japan for å sjå NLM sitt arbeid på nært hald. Dei fekk god kontakt med dei japanske ungdommane.

Ein lærar og to elevar frå Kristen Videregående Skole Haugalandet (KVH) var på besøk i Japan 20. -26. november. Skulen har Japan som misjonsprosjekt dette året.

Skulen er ganske ny og har foreløpig berre 28 elevar, men likevel satsar dei på å samle inn pengar til misjonsarbeid i Japan! Dei heldige som fekk reise og bli kjent med arbeidet, var Caroline Clausen og Frida Jacobsen, ilag med lærar Marianne Håvik.

  

Variert program

Besøk i Aobaen barnehage i Kobe og plukking av mandarinar i Ako var noko av det dei fekk vere med på i løpet av den korte veka. (Besøket i Ako kan du lese om på Kari Opperuds blogg.)

Direkte frå Ako gjekk turen vidare til Hiruzen Bible Camp. Stadleg representant Bård Hauge var med som sjåfør. Ifrå Hiruzen gjekk turen vidare til Matsue, der dei var med på Bible Club.

Sidan denne fredagen var offentleg fridag, starta vi med lunsj før bibelstudiet. Dei norske ungdommane var engasjerte på kvar si gruppe og såg ut til å få god kontakt.

   

Bård Hauge hadde ein god samtale med gutane på si gruppe.

  

Hjartejord

Under bibelstudiet jobba vi med likninga om dei fire slags hjartejord. Kvar gruppe fekk ansvar for å presentere eitt av jordsmonna. Også ikkje-kristne studentar tok aktivt del i gruppearbeidet.

Fleire grupper hadde veldig konkrete døme på kva som kan fylle hjartet vårt og ta plassen for Guds ord. Siste gruppa hadde eit stort øyre, der såkornet går inn, og kjem ut igjen som fulle aks, som igjen gir frø, som blir sådd til nye, som tek imot. "Og det tek då aldri slutt!" var det ei som kommenterte.

I tillegg til nordmenn og japanarar var det ungdommar både frå Vietnam, Eritrea, Kamerun og Sør-Afrika denne dagen. Ein fin flokk! Du som ber, hugs på ungdommane som har byrja å lese og høyre Guds ord. Be om at det må falle i god jord!

   

Den japanske lærarstudenten peikar og forklarer kva som kan hindre oss i å ta imot Guds ord.

  

- Ei oppleving!

Etter bibelstudiet skriv deltakarane nokre tankar i loggboka. Elevane frå KVH skriv om korleis dei opplevde å vere med:

«Dette har vore ei flott oppleving med så mange nasjonar samla. Det har vore veldig lærerikt å få høyre om så mange forskjellige liv.»

«Takk for moglegheita til å besøkje Bible Club! Det var verkeleg ei stor oppleving å studere Bibelen ilag med folk frå så mange forskjellige nasjonar, og eg ber om at dette må nå mange fleire med Guds ord.»

  

Etter at dei er komne heim og er godt i gong med juletentamen, skriv Marianne:

«Det var helt fantastisk å oppleve Japan! Så mye som lignet litt på Norge, samtidig som alt var veldig annerledes. Vi møtte så mange gjestfrie og nydelige mennesker, og ble veldig gode på å bruke tøfler!»

 

Denne dagen var det representantar frå seks ulike nasjonar på Bible Club. 

  


Stedlig representant

Stedlig representant

Japan

078-221-8366

090-7889-1802

Dagens bibelsitat

Sal 24:3 Hvem skal stige opp på Herrens berg? Hvem skal stå på hans hellige sted?

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.