> NLM / Internasjonalt / Japan / Nyheter / Den eine studenten sine bøner



Den eine studenten sine bøner

I to år, veke etter veke, sat han der åleine med Bibel og gitar, og bad om at Gud måtte sende fleire. Etter ti år kan vi framleis sjå fruktene av tolmodet til denne studenten.

Frå 1998 til 2004 arbeidde eg i Kita Osaka kyrkje, og samtidig var eg med og hjelpte til i studentarbeidet KGK. Ein av studentane eg vart kjend med der, var Hidetaka. Ved universitetet der han studerte, hadde Laget eit eige klubbrom, men i to år var han den einaste som møtte opp. Men veke etter veke sat han der åleine med Bibel og gitar, og bad om at Gud måtte sende fleire. På den tida skreiv eg eit intervju med han til Ungdom & Tiden, med tittelen «Akiramezu – gi ikkje opp!»

Lagssekretær Kishimoto er framleis i studentarbeidet i Osaka. I går kom eg over følgjande som han skriv på Facebook:

«Det er 10 år sidan sist eg såg Hidetaka. Han studerer no GT i Canada og er heime i Osaka på eit kortare opphald.

At det framleis eksisterer ei lagsgruppe ved Osaka City University, er eit resultat av at Gud svarte på Hidetaka sine bøner.

Då han starta ved universitetet, var der omtrent ingen medlemmer i Laget. Men han ga ikkje opp. Han ønska eit veksande kristent fellesskap ved universitetet og heldt fram med å be Gud sende studentar. Og han vart bønhøyrt. Etterkvart kom mange og vart med på bibelstudiet. Men der var mange spesielle personlegdomar. Ein av dei er forresten blitt lagssekretær.
Som lagsarbeidar har eg lært mykje av Hidetaka. Det å be og ikkje gi opp, er ein av tinga eg har lært av han.
Ved universitetet studerte han eldre kinesisk historie, og eg har høyrt han snakke ivrig om kinesisk historie. I kveld då vi hadde middag ilag, var han heilt oppslukt av å legge ut om hebraiske verb i GT.

Måten han snakkar på, er den samme som for ti år sidan.»

Så langt Facebook (som eg har fått lov til å dele frå).

Neste torsdag, på veg gjennom Osaka til flyplassen, får eg kanskje ein sjanse til å treffe Hidetaka, også. Det blir i tilfelle også gjensyn etter ti år.

Eg må forresten nemne at Hidetaka var med og bad for ein ungdom frå kyrkja i Kita Osaka før han i det heile tatt visste kven han var. Etter eit sommaropphald i Norge vart Naoto med i bibelgruppa ved universitetet og vart ein kristen. Han er no aktiv med i arbeidet i vår kyrkje i Kita Osaka og elles i ungdoms - og musikkarbeidet i WJELC.

Ein student sine tolmodige bøner har fått store ringverknader.


Stedlig representant

Stedlig representant

Japan

078-221-8366

090-7889-1802

Dagens bibelsitat

2Mos 20:3 Du skal ikke ha andre guder enn meg.

Del


Dette nettstedet bruker informasjonskapsler. Les mer om informasjonskapsler her. Ikke vis denne meldingen igjen.