> TeFT familie / Nyheter / Stor interesse for TeFT familie!



Stor interesse for TeFT familie!

Foto: Andrè Skjærpe

NLM sin TeFT familiebibelskule i Nairobi opplever stor interesse. Våren 2019 er heilt full, og allereie no har det kome fleire søknadar til 2020. Vi opplever at det er behov for eit konsept som TeFT familie og at oppholdet betyr mykje for dei som er med.

Den typiske familie som søkjer er ein aktiv kristen familie som har eit ønske om å kunne bruke meir tid på familien og på Gud. Erfaringar viser at det har ein stor verdi for familien og for den enkelte å ha mulighet til å koble seg frå kvardagen i Norge og koble seg på Bibelen, Gud og kvarandre.

I løpet av 3 månader i Nairobi vil de også få oppleve ein spennande og annleis kultur, få utforske Kenya sitt fantastiske dyreliv og kanskje slappe av på krittkvite strender i Mombasa.

    

Nokre endringar i 2019:

  

Løpande opptak

Det er bestemt at vi skal ha løpande opptak fram til søknadsfrist. Dette fordi mange vil planlegge i god tid, både i forhold til jobb og til å spare seg opp pengar.

Sjølv om det er løpande opptak, må vi ha ein søknadsfrist slik at skulane og barnehagen i god tid får vite kor mange barn som kjem og får legge til rette på ein god måte.

Søknadsfristen for haustkullet er 1. desember året før, og søknadsfristen for vårkullet er sett til 1. mai året før. Dersom vi har ledige plassar, er det fullt mulig å søke etter fristen.

   

Ny start på haustkullet

Hausten 19 vil vi starte haustkullet litt tidlegare enn før. Perioda blir frå 10. august til 10. november. Då har vi ei veke før skule og barnehage starter opp. Vi bruker denne veka til familieopplegg, utflukter og til å komme seg i orden i huset.

Kanskje kan det også då bli enklare for dei vaksne å få flytta ferien slik at deler av opphaldet blir med lønn frå arbeidsgivar i Norge? Vårkullet er som før, 1. januar til 31. mars.

   

Nye hus

Vi er i full gang med å bygge tre nye bolighus og eit undervisningsbygg som skal bli brukt av familiane på TeFT. Når desse er på plass, har vi plass til 7 familiar på kvart kull. Bygginga går etter planen og bygga skal stå klare til innrykk 1. januar 2019.   

     

Søk no!

Har du og din familie tenkt at et opphold på TeFT familie hadde vært både viktig og spennande, bør de skrive ein søknad. Søknadskjema finn du her.

  

«Teft Familie har styrket samholdet, gitt oss et nytt perspektiv på livet, fornyet lyst til tjeneste og fornyet tro.  Vi har fått et større fokus på tro i hjemmet og vi har fått venner for livet»                         

Sitat frå ein deltakerfamilie 


Reklamevideo

Today's Quote

2Mos 20:3 Du skal ikke ha andre guder enn meg.

Share


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.