> NLM ung / Nyheter / NLM-klubb i legofinale



NLM-klubb i legofinale

(Foto: Andreas Solbakken)

Volda legoklubb frå bedehuset i Volda er klar for den skandinaviske FIRST LEGO League-finalen i Bodø 3. desember. Sist laurdag vann laget den regionale turneringa på Nordfjordeid.

– Det var ein svært spennande dag der Volda legoklubb tidleg utmerka seg med dei høgaste poengscoringane i robotkøyringa, fortel ein begeistra klubbleiar, Gunstein Ohma.

Etter fleire år med gode plasseringar gjekk dei unge frå Volda endeleg heilt til topps, og gleda var sjølvsagt stor.  

– I tillegg til høg poengscoring i robotkøyringa var også forskinga, marknadsføringa og samarbeidet i gruppa avgjerande for at det blei samanlagtsiger, understrekar Ohma.

Volda legoklubb er registrerte i NLM ung, og det har heile vegen vore klart at det er ein kristen klubb. I tillegg til at alle medlemer er interesserte i lego, er det naturleg med andakt og litt å bite i på kvar samling.  

 

Tøff konkurranse

Med seg heim frå Nordfjordeid fekk Volda legoklubb ein flott pokal og 10 000 kroner som startkapital til turen til den skandinaviske finalen. 

– Mange var nok litt overraska over at desse unge ungdomane frå Volda kunne gjere det så bra i ein såpass tøff konkurransen, seier Gunstein Ohma. 

I Operahuset Nordfjord la vinnarane ti lag bak seg. Tilsvarande turneringar vert avvikla i 14 andre regionar. Det deltek 330 lag med fire og eit halvt tusen medlemer i alderen 10–16 år. 

 

Rekrutterer ingeniørar

Det vert konkurrert i kategoriar som teknologi, samarbeid, forsking og marknadsføring, og i robotkonkurransen køyrer laga legorobotar som dei har bygt sjølve. Målet med FIRST LEGO League er å auke interessa for realfag og på den måten rekruttere ingeniørar og forskarar. 

Konkurransen går i samarbeid med organisasjonen FIRST og Statoils talentutviklingsprogram Morgendagens Helter. I den skandinaviske finalen skal Legoklubben frå Bedehuset i Volda representere Noreg saman med 22 andre lag.


Today's Quote

Heb 11:1 Men tro er full visshet om det en håper, overbevisning om ting en ikke ser.

Share


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.