> NLM ung / Nyheter / Enkel søknad ga 5000 kroner



Enkel søknad ga 5000 kroner

For økonomien i Volda teknoklubb er Frifond-støtta ei veldig god hjelp. Foto: Per Ove Aarseth

– Dette er enkelt. Vi gjekk inn på «Mi side»-tenesta på nlm.no og gav nokre opplysningar, og nyleg kom det nesten 5000 kroner på kontoen vår, fortel Gunstein Ohma.

Gunstein Ohma er leiar for Volda teknoklubb, eit populært tilbod på bedehuset i Volda.

– Det er fint at kristent arbeid kan få pengar frå staten, og eg meiner at alle barne- og ungdomslag i Misjonssambandet bør gjere som oss og søkje Frifond-støtte, seier Ohma. Utan Frifond ville Teknoklubben vore avhengig av ei ekstrainnsamling, legg han til.

  

Kjersti Lilleaasen, administrasjonsleiar i NLM ung, opplyser at om lag halvparten av dei 671 laga i organisasjonen nytta høvet og søkte Frifond-støtte sist.

– Om alle søkte, kunne vi fått millionar meir til arbeid der born og unge får høyre om Jesus, seier ho.

Kjersti Lilleaasen. Foto: Silje Måseide

  

– Alle kan få

Frifond er ei støtteordning som frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar har rett til å nytte seg av.

– Dess fleire som søkjer, dess meir pengar får vi. Alle som oppfyller krava, får støtte, smiler administrasjonsleiaren.

– Kva krav må ein oppfylle?

– Laget må ha minst fem betalande medlemer under 26 år, sjølvstendig økonomi og sende inn årsmelding. Lag med meir enn tre medlemer over 15 år må også ha eit eige styre, valt mellom medlemene.

Lilleaasen legg til at NLM ung har standardvedtekter som alle i organisasjonen kan bruke.

   

Til lokalt arbeid

Lag som sender elektronisk søknad om Frifond-støtte til NLM ung, må gjere det før 15. februar. Søknader på papir må sendast NLM ung seinast 10. februar. Den tildelinga NLM ung får, vert i all hovudsak sendt vidare til dei lokale laga. Pengane kan ikkje brukast på andre måtar.

Kjersti Lilleaasen understrekar at alle som har spørsmål om Frifond-støtta, eller som treng hjelp til å søkje, er velkomne til å ta kontakt. Informasjon er også tilgjengeleg på NLM ung sine nettsider.


Today's Quote

Heb 11:1 Men tro er full visshet om det en håper, overbevisning om ting en ikke ser.

Share


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.