> NLM - The World for Christ -... / Skoler / Nyheter / Arne Martin har tilsyn



Arne Martin har tilsyn

Arne Martin trår til ved Vestborg. Foto: Privat

Arne Martin Bjørneset er ein kjend kar i NLM-miljøet på Nordvestlandet. No har han hatt si fyrste tilsynshelg på Vestborg.

Den livlige bussjåføren tok sjølv kontakt med skulen for med tanke på å hjelpe til med å ha tilsyn.

– Eg var elev ved skulen i tre år og var russ i 2000. Dei åra har hatt mykje å seie for meg, og som elev såg eg kor viktig rolle tilsyn hadde. Difor spurde eg om å få hjelpe til enkelte helger, fortel Bjørneset.

  

Tok ut ferie

Saman med internatleiar Søgni Muren fann dei ut kva for tre helger som høvde å ha tilsyn. Etter at det var bestemt, viste det seg at sjåførvaktlista internt i Nettbuss vart endra.

– Korleis handterte du det?

– Eg valde å ta ut tre feriedagar for å få det til å gå i hop, fortel han.

  

Veldig trivelig

I helga debuterte han som tilsyn. Oppgåva delte han med miljøarbeider Sondre Lidal. Då vi snakka med han sundag kveld, var han godt nøgd med helga.

– Det har vore veldig kjekt. Elevane har tatt godt i mot meg, og eg har følt meg inkludert. Eg kjende nokre frå før gjennom ungdomskoret Kairos, men har i løpet av helga blitt kjend med mange nye.  Elles har det vore triveleg og samarbeidd med miljøarbeidar Sondre. Vi har drege i gong fotball i Strandahallen, FIFA-turnering og laurdag vart det til at vi la til rette for at elevar kunne lage heimelaga pizza, fortel han.

  

Til slutt legg han til:

– Lærarar og servicepersonalet ved Vestborg gjer ein så god jobb. Difor har det har fylt meg med glede å få lov å hjelpe skulen med å ta i eit tak.

 

Artikkelen er henta frå Vestborg sine heimesider.

Les meir om og frå Vestborg på Vestborg.no


Kontakt

Ta kontakt med NLMs skolekonsulenter Sidsel Høland Olausson og Torleif Belck-Olsen, hvis du ønsker mer informasjon om NLMs skolearbeid. 

Skolerådgiver

NLM Norge

22 00 72 86

Leder av skoleseksjonen

NLM Norge

       

Begynne på NLM vgs?

Arbeide på NLM vgs?

Støtte NLM vgs?

NLMs skolestrategi 2012-2020

 

Today's Quote

Sal 30:6 For et øyeblikk varer hans vrede, en livstid hans nåde. Om kvelden kommer gråt som gjest, om morgenen er det frydesang.

Share


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.