> NLM - The World for Christ -... / Norge / Region nordvest / Nyheter / Super ungdomsleir på Solhøgda!
Ungdomsleiren på Solhøgda helga 16.-18. november var ein veldig kjekk leir med 19 deltakarar pluss leiarar.
Steinar Dimmen <nordvestSPAMFILTER@nlm.no>
Aktivitetane var mange frå klatrevegg, fotball i hallen, juleverkstad og mange andre ting. Temaet i bibeltimane hadde fokus på juleevangeliet og kva dei tre gåvene som vismennene gav til Jesus betyr. Men også erfaringar frå det å vere kristen var ein viktig del av innhaldet på leiren. I spørsmålskassa kom det inn mange lappar frå deltakarane med viktige spørsmål og som talaren svarde på.
Vennskap, god mat og kveldskos i tømmerkoia, «gul bolle», leirkveld, bibel og forteljingar var ingrediensane som skapte gode opplevingar og godt fellesskap og ein kjempefin leir.
Her ligger oversikt over leirene i region nordvest som er klare for påmelding. For oversikt over alle leirer og arrangement, se under
This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.