Omsorg på sommarleir

Ei av deltakarane har det moro på leir. Foto: Privat

På leir på landsbygda i Kina får born som saknar foreldra oppleve at nokon ser dei.

Fem somrar på rad har eg reist til Kina saman med grupper med flotte ungdommar frå Noreg. Saman med lokale lærarar har vi laga sommarleir for barn i 10-13 årsalderen på to ulike skular utanfor allfarveg.

Skilnaden frå det første året eg var med og til no er påfallande. Dei første åra var barna tause. Dei kviskra til kvarandre og visste tydelegvis ikkje heilt korleis dei skulle reagere på desse framande som ville leike tikken, spele ball og måle saman med dei.

Dei par siste åra har vi opplevd at både lærarar og barn har gledd seg i lange tider, og er meir enn klare til leir når vi kjem. Smila og latteren sit mykje lausare enn før.

  

Mange skjebnar

Mange av barna som har vore med på leirane har over lengre tid budd utan foreldra sine.

Nokre foreldre er døde, nokre har rømt frå eit vanskeleg liv, og nokre har måtta flytte frå barna sine for om mogeleg å skaffe seg og barna eit betre liv gjennom arbeid ein annan stad i landet.

Det er mange skjebnar, og for oss frå Noreg har det vore vanskeleg å ta inn vilkåra desse barna lever under.

  

For mange av barna blir sommarleiren ei frisone i ein kvardag prega av ansvar. Foto: Privat

  

Et gripande gjensyn

I 2011 møtte eg ei 13 år gammal jente som budde utan far og mor. På direkte spørsmål fortalte ho at ho laga maten sin sjølv.

Vi vart vener. Vi heldt kvarandre i handa heile dagane. Ho fletta ein blomekrans til håret mitt. Ho var flink å teikne, og ho gav meg ei av teikningane ho laga på leiren.

  

Eg har ofte tenkt på henne etter at eg reiste derifrå. Eg har tenkt på korleis ho vil klare seg i livet. Og eg har hatt eit håp om å få treffe henne igjen.

I år kom ho tilbake. Tre år seinare. Ho hadde flytta frå den delen av landet, til foreldra som hadde funne jobbar dei kunne leve av og som hadde fått ein bustad der dei fekk lov å ha barna sine buande.

   

Barn er barn overalt i verda, og trivst med leik og moro. Foto: Privat

Denne gong var jenta i heimtraktene på ferie. Ho hadde spurt seg føre om Ann-Elin var på leiren i år òg. Ho kom tilbake for å seie hei. Plutseleg sto ho der. Sjølv om ho var blitt eldre, forstod eg med ein gong at det var henne. Vi gret, begge to.

  

Får bety ein skilnad

Området eg og gruppene frå Noreg har reist i er vakkert, variert og frodig. Her bur mange ulike folkegrupper mellom jungel og høgfjell, og ein finn både jordbruk og tungindustri.

Risen som vert dyrka i terrasser i fjellsidene og dei mange små tettstadene utgjer ein kontrast til den travle hovudstaden med fleire millionar innbyggjarar og flotte seks-felts motorvegar, enkelte stader i to høgder.

  

Det er mange skjebnar. Eg håpar og trur at eg og dei andre frå Noreg har fått bety ein skilnad for nokre få, einsame barn og lærarar utanfor allfarveg. Eg er så takksam for at eg har fått vere med!


Stedlig representant

 

Today's Quote

5Mos 4:31a For Herren din Gud er en barmhjertig Gud. Han skal ikke slippe deg og ikke la deg gå til grunne.

Share


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.