> NLM - The World for Christ -... / Internasjonalt / Øst-Afrika / Nyheter / Tre månader som forandra oss



Tre månader som forandra oss

Foto: Privat

Familien Markhus er blitt "Tent For å Tjene" under sitt tre måneders lange opphold på TeFT i Kenya. Les og la deg inspirere!

«Mamma, når skal me tilbake til Kenya?» Det gjekk ikkje mange dagane etter at me var heimkomne til Norge, før spørsmålet kom frå ein av gutane i flokken. Ungane lengtar tilbake, og det på ekte: No er ungane i gang med å samle flasker frå grøftekantane - for å spare til flybillett!

  

Frå Fusa til Kenya

Det var ein nokså spent familie som «tok steget» og flytta til Nairobi 1. januar 2018 for å gå på TeFT familiebibelskule. Me trengte alle ei miljøforandring, men på same tid var spenningsnivået høgt hos både dei fem små og dei to store i familien Markhus frå Fusa i Hordaland.

Men ingen angrar på turen, Afrika-opphaldet har vore til styrke for både trua og livet.

Me sit igjen med mange sterke inntrykk: Å feire gudsteneste i 3 timar hos kveg- og krigarfolket masaiane, gjorde inntrykk. Med høglytt song, dans og vitnesbyrd, feirar dei kva Jesus har gjort, og gjer for dei kvar dag.

Frimodet deira er til førebilete for oss! Og gjestfriheita. Å få nyslakta sau og ris til «kyrkjekaffi» er stas - og litt krevjande når det vert forventa at du skal ete opp alt!

    

Rike i Gud

Ved ekvator.

Overalt kor me har vore, har me kjent oss velkomne; me er blitt møtt med orda «You are most welcome» i kvar ein krok; i øydemarka i Pokot der me feira gudsteneste under eit tre, som turistar på safari i nasjonalparken Masai Mara, på tomten til NLM i Nairobi, på skule-, kyrkje- og heimebesøk i slummane.

Relasjonar og fellesskap står i fokus i den afrikanske kulturen. Tida går ikkje; den kjem. Spontanitet og glede finn ein hos dei som er dei fattigaste av dei fattigaste, fordi dei er rike i Gud. Når ikkje alt er sjølvsagt, når livet spissar seg til, er det som om ein betre ser kva som verkeleg betyr noko.

Gjestfrihet er å ta imot. Slik dei sjølv er blitt tatt imot av Gud, tok dei imot oss. Det er mykje å lære for rike, mette nordmenn i Afrika.

   

Tent for Å Tene

Me er blitt glad i misjonsarbeidet til NLM. Fordi organisasjonen er villig til å gå med evangeliet til unådde folkeslag, fordi dei ser heile menneske og jobbar med helse, skule, diakoni, kyrkje og fellesskap, fordi me står saman og at me saman er ein del av Guds misjon i verden - anten me bur i Kenya eller Norge, i byen eller på bygda.

Me kjenner oss som familie meir «tent for å tene» etter opphaldet i Kenya. Familiebibelskulen har vore ei investering for oss sjølv og forhåpentlegvis dei me har rundt oss. Me blir med på oppdraget: «Verden for Kristus».

  

Mvh store og små i famlien Markhus;

Oline 15, Ingebjørg 13, Hallvard 11, Eirik 9, Brynhild snart 7, Hans Einar og Norunn


Today's Quote

2Mos 20:3 Du skal ikke ha andre guder enn meg.

Share


This site uses cookies. Read more about cookies here. Do not show this message again.